Å skape magi

Eg har alltid elska å tegne og male. Heilt sidan eg satt på kjøkenet til mormora mi. Som 12-åring hadde eg ein livaktig drøm om å bli illustratør.

10 år seinare reiste eg fra England, ferdig utdanna -

drømmen var blitt til virkelighet!

Illustratør for ukeblad, bøker m.m

I mange år var illustrasjoner til ukeblad og bøker, det eg gjorde aller mest.

I 15 år jobbba eg som frilansillustratør, og hadde faste oppdrag for ukeblad i både Norge, Sverige og Danmark.

I tillegg illustrerte eg fleire bokseriar, som Vaterlandsjenta og Villa Morgenstjerne.

Livredning

Livredningsillustrasjonar har og vore ein stor del av min erfaring som illustratør. M.a har eg illustrert ein serie med 6 livredningshefter for Norges Livredningsselskap, for barn i småskulen. Dette var ein utruleg spanande jobb, der eg fekk jobba med unge modellar som villig stilte opp i alle slags situasjonar :-)

Kortillustrasjonar

I mange år laga eg illustrasjonar til konfirmantkort for Aune Forlag i Trondheim. Det blei også både dåp, bryllup og nokre andre kort, noko som har inspirert meg til å halda fram med å laga kort. 

Portrett og teikning

Eg har alltid elska å teikna. Så å få læra det på illustrasjonssskulen eg gjekk på i England, var berre heilt fantastisk. Då eg leste om skulen i Hjemmet - det var der eg fann ut at den fantes fordi dei skreiv om andre norske jenter som gjekk der - trudde eg aldri at eg skulle klare å bli så god som dei andre. Men - med ein dyktig lærar, Roger Barcilon, er det rart kva ein kan få til...

Denne metoden lærer eg bort på kursene mine, og det er like spennande kvar gong eg ser andre få til magiske ting, og oppdage at dei kan få det til dei og!

Portrett er alltid så spennande, det å få fram personligheten, til å komme gjennom til deg. Eg tar innimellom oppdrag, når eg har tid, så ta kontakt om du ynskjer eit portrett, om det er i svart/kvit eller maleri.

Måsane

Måsar har alltid vore ein del av livet mitt. Men det var først då eg hadde ei ramme med 9 små hol som eg skulle fylle, at eg verkeleg oppdaga magien ved dei. Dei haldt til på ein bakkje utanfor der dei plukka makk. her starta min fascinasjon. Sidan er det blitt mange måsabilete, saman med sjø, på ein stolpe eller kor dei nå måtte befinna seg. Dei skapar liv rundt meg og minner meg om sommar, ferie og får fram masse gode minner.

Noko eg trur er det beste me kan unna oss når det gjeld maleri og teikningar - noko som gjer oss glade, minner oss om det me er glade i og inspirerer oss til å ha det godt. DET er hovudessensen i min inspirasjon når eg lagar alle bileta mine - dei skal skape glede og gode følelsar og kanskje litt magi og.... :-)

Kurs og workshops

Eg held stadig kurs og workshops i tegning og akrylmaling. Det er som regel stor pågang på desse, så vil du gjerne være med, skriv deg på lista så er du blant dei første som får invitasjon. Det vil og komme onlinekurs, som også blir annonsert via nyhetsbrevene mine. Trykk på linken under så får du mine 5 beste tips for å bli god til å tegne - heilt gratis, så kan du starte med ein gang!

Close

50% Complete

Two Step

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit, sed do eiusmod tempor incididunt ut labore et dolore magna aliqua.